fredag, oktober 29, 2004

Eg har fått min eigen blogg!

Inspirert av andre master-studentar, har eg no etablert min eigen blogg i høve studiet MASTER IKT I LÆRING.

I arbeidet mitt, har eg sett behovet for å ha ein stad der ein kan samle tankar, lenker og ting ein kjem over. Det vert mykje surfting på nettet når ein sit å jobbar på denne måten - heilt åleine, og langt frå HSH og Stord. Det følest i alle fall slik inn i mellom :-)

Utsikta frå arbeidsrommet har eg fått heilt inn på netthinna, det forsvinn heller ikkje når eg let at augene for å sove...

No er det metodekapittelet som gjeld. Innlevering skjer på søndag, så no er det einsretta fokus resten av helga. Har brukt litt tid på dette, men vonar at eg får glede og nytte av det seinare.